Utflukt sommar
Sommaren er kontrastane si tid i Sogn. Ved fjorden har ein temperaturar som minner om lenger sør. Lyfter du blikket over dei frodige liene kan du sjå at vinteren framleis har grep om dei høgste fjella.
Det er vakkert i Sogn
Me som bur i Sogn er heldige som har dette rett utfor stoveglaset. Me deler dette gjerne med deg, om du tek turen til Sognefjord Hotel og Leikanger. Her finst eit utal høve for aktivt friluftsliv, om du vil på ein roleg tur rundt i fruktbygda og langs fjorden, eller du vel og ta med deg dei gode skoa og bli med for å nyta frisk luft og den beste utsikta. I alle fall kan me hjelpa til med planlegging og tips om kvar du kan ta vegen. Oftast er det berre din eigen fantasi som set grenser.
Frå Sognefjord Hotel rekk du og rundt til dei aller fleste attraksjonane i Sogn. Me nevner Flåmsbana, Villakssenteret i Lærdal, Jostedalen med dei nære brearmane, fem stavkyrkjer, og fem steinkyrkjer, alle frå middelalderen, Bremuseet, Breheimssentera og De heibergske samlinger.
Alt dette ligg til rette med omlag ein times køyring frå hotellet. Me er plasserte midt i hjartet av alt dette.
Kva med eit besøk på Henjatunet? Ein gardsrestaurant tufta på tradisjon og lokal arv. Her kan ein få servering av lokale produkt i ei stove frå 1765, omvisning i frukthage, vandring på gravhaugar og drøs gjennom klyngetun.