Aktivitetar

Du kan kombinere eit opphald hjå oss med ulike aktivitetar. Med fjorden, fjella, naturen og gamal kultur som nærast nabo.

1. Fjordrafting

Fleire seier dette er den absolutt beste måten å oppleve Sognefjorden på. Du kjem her heilt nær natur elementa. I trygge og sertifiserte båtar tek vi deg med på ei eventyrferd i det frodige og dramatiske fjordlandskapet, der fjordarmane skjer seg inn i urørt natur blant høge og bratte fjell. Med dei raske RIB båtane flyttar ein seg raskt avgårde i 50-60 knop gjennom Sognefjorden.

Sikkerheiten som kjem i første rekke, tek den erfarne RIB piloten seg av, med enkle instruksar og sertifisert nødvendig utstyr, treng du her kun å konsentrere deg om dei store opplevingane. Kan ta opp til 19 passasjerar. NB. Hugs kamera.

Balestrand Fjord Adventures


2. Charter Cruise

Har du litt meir tid til rådigheit kan eit alternativ være ei fjordoppleving med større båt. Vi tek deg med på eit førsteklasses og komfortabelt cruise på fjorden. Her kan ein få lett servering og det er gode sanitær tilhøve. Passar best for gruppe på 12-23 personar.

Cruise turane må førehandstingast

3. Henjatunet

Gardsbesøk og gardsrestaurant. Henjatunet er vel verdt eit besøk. Den ærlege og ekte opplevinga her gjev deg eit innblikk i korleis gardsdrifta er, og har vore i fjordbygdene med lange tradisjonar.
På Henja er der spor etter gardsdrift over 2000 år tilbake. Bli med på ei kulturell reise både i tid og tradisjon. Det er lagt opp til omvisning, smaksprøvar av lokal kortreist mat. I fruktsesongen er det mogeleg og kjøpe eple, pære og plomme. Du kan lese meir om henjatunet her: www.henjatunet.no

Besøk må førehandstingast.

4. Ølbrygging

Har du nokon gong lurt på korleis eit verkeleg godt heimabrygg smakar, korleis det blir framstillt? Bli med til det gamle "eldhuset hass Nils i Berlebakken" Her får du ein gjennomgang i korleis hemebrygga øl er blitt laga i generasjonar i sogn. Eldhuset er gamalt og ein kjenner tradisjon og historen ligg i lufta når ein kjem inn. Bli med på ei reise i ekte og tradisjonsrik ølbrygging. Smaksprøvane er heller ikkje og unnvære. Hotellet kan organisere transport til/frå. Men det er ikkje lenger en 15 minutt og gå kvar veg.  

Opplevinga må førehandstingast.

5. Leirdueskyting.

Kven er den mest treffsikre? Morro og sosialt, garantert ein "snakkis" i etterkant. Her er det duka for knivskarp konkurranse internt. Der ein gjerne kan ha seremoni og premiering under middagen på hotellet om kvelden. Hotellet er behjelpeleg med organisering av transport til/frå bana på kleppa, under 10 minutt frå hotellet.

Må førehandstingast.

6. Klatring

Er du av dei som alltid har hatt lyst til og prøve fjellklatring, men ikkje har tatt utfordringa? Kun ein liten spasertur frå hotellet har sogndal klatreklubb eit eige klatrefelt. Det er ein bratt fjellvegg med alle typar vanskelegheitsgrader, og forskjellig høgder på rutene. Dette er tilbodet for dei som likar fysiske utfordringar med ei blanding adrenalin. Som eit organisert tilbod til grupper m.m. har hotellet samarbeid med kvalifiserte og godkjende instruktørar, som syter for sikker og kontrollert veiledning. Nødvendig utstyr er inkludert i tilbodet. Passar best for små grupper. Og ja, utsikta over sognefjorden er fenomenal.
Velkomen til ei innføring i den vertikale verda.

Aktiviteten må førehandstingast.