Velkommen til Leikanger

Leikanger

Leikanger ligg i hjartet av Sogn. Leikanger er, ved sida av å vera ei frukt- bærbygd, også sete for Sogn og Fjordane sin fylkesadministrasjon, samt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Leikanger er også vertstad for Staten vegvesen Region vest sitt hovudkontor, samt kontorstad for omfattande Nav- Funksjonar og statlege Difi. Det bur vel 2200 i Leikanger

Leikanger skårer høgt på alle storleikar som kjenneteikner eit mildt klima. Snitt temperature er årsbasis 13,2 grader. Det milde verlaget gjer det mogeleg å dyrka fersken, aprikos og valnøter.
Den gigantiske skrivareiki, nesten tretti meter høg og med omkrins over fem meter, er eit kjent landemerke.
Det same er kvinnafossen kloss i riksveg 55 Leikanger-Hella. Kommunen har landets høgste bautastein frå oldtida, Baldersteinen, som stikk åtte meter over bakken.

Leikanger kyrkje
 er ei steinkyrkje frå middelalderen. I prestegardshagen finst ei uvanleg rik samling av tre og planter, med ti skjeldne sortar. Her finn ein tempeltreet (Ginko biloba), også kalla eit levande fossil, det einaste attlevande fra tertiærtida. Også mammuttreet (Seqwoiadendron giganteum) trivst i Leikanger prestegardshage, som det nordlegaste i sitt slag av denne storleiken.

Stakyrkjene i Sogn

I Sogn finn du ei tett samling av stavkyrkjer. Hotellet vårt ligg plassert midt i smørauget blant alle desse. For meir informasjon og opningstider: www.stavechurch.com

 

 

 

""

Go to top