Kjeringi Open!

kjeringi open

Kjeringi Open - Vaorens vakraste og vidlaste eventyr 2015!

Kjering Open er verdas største fjelltelemark renn. Og vert arrangert ei helg i midten av april kvart år. I tillegg til sjølve telemarkdelen er der og ein løps del, sykkel del og langrennsdel. Har du lyst til å delta på Vårens villaste eventyr og ei feststemt bygd med mykje moro og leik på Hermasverk/ Leikanger? følg linken her, eller ta kontakt med hotellet så vidareformidlar vi. Du vil garantert kome tilbake

Kven passar løpet for ?

Løpet er ope for alle som fyller 10 år i løpet av året. Vår erfaring som arrangør er at ein ikkje bør debutere som superkjering før ein fyller 14 år. Turen fram til start på Kjeringafjell er også så pass krevjande at det berre er dei færraste under 12 år som er i stand til å gjennomføre første etappe.

kjeringi open m prisar

Last ned program til Bankett og fest 2015 her!

Korleis er løpsdagen ?

For telemarkløparen startar dagen med ein 3 timars tur til Kjeringafjellet (1314 m.o.h.) før start. Sjølv om det er fellesstart vert det raskt stor strekk i feltet. Ned bratthenget ligg ein som regel i fin rekke. På veg frå fjell til målområdet ved Sognefjorden får ein med seg både vinter og vår til avsluttande sykling gjennom frukthagar og bustadområde til målområdet.

Etappetider

For såvel stafettkjeringar som superkjeringar er noko av det beste med Kjeringi Open at vi registrerer og kunngjer resultat på alle etappar i alle aldersklassar.

LINK TIL Kjeringi Open - Vaorens vidlaste eventyr

""

Go to top