Dagsturar og utfluktar.

opplevinger

Med sentral plassering har Sognefjord Hotel det beste utgangspunktet til flere serverdighetar i Sogn. Under finner du noen forslag på turar, vi tilrettelegger i tilleg turar etter eige ønske. Ta kontakt så sette vi opp DIN tur.

1. Jostedalsbreen - Breheimssenteret - Kaupanger stavkyrkje - Gardsmuseum

Vi kjøre frå Hotellet til Jostedalen. Der besøker vi Breheimssenteret ved Nigardsbreen, som er ein arm til Jostedalsbreen, her har vi også nydelig utsikt mot breen. Etter ein visitt og omvisning på senteret er det muleg for bussen og fortsette inn mot breen for å ta den i nærmare augesyn. For dei spreke så er der og mulegheit for ei lita vandring på breen, då med guide. Etter på kjører vi mot sogndal igjen og stoppar for lunsj. Vidare går turen til Kaupanger og stavkyrkja der. Vi avsluttar dagen med eit besøk på Det Heibergske samlingar, som er eit av Norges største gardsmuseum. Retur til hotellet


2. Norsk bremuseum Fjærland - Ein smak av sunnfjord - Astrup - Eikås - Fjell

Turen går til Norsk bremuseum i Fjærland, og bøyabreen. Her kan vi og om ønskeleg besøke bokbyen, som er bruktbokhandlar med særpreg, Fjærland var Norges første bokby. Vi kjører så under Jostedalsbreen til Skei der vi inntar ein god luns. Etterpå er mulegheitane fleire, vi nevner Astruptunet, (Kor Nikolai Astrup held til), Sunnfjord Folkemuseum, Audhild Vikens Vevstove, Eikåsgalleriet.Alt innan 20 minutts rekkevidde. Vidare kjører vi tilbake mot Hotellet over Gaularfjellet og ei fantastisk utsikt over noko av de flottaste Norsk natur har og by på. Om tida strekker til er der mulegheit for ein stopp i Balestrand og akvariet der. Vidare er der ein halvtime tilbake til hotellet.

3. Villakssenter - Lærdal- Aurland - Flåmsbana - Nærøyfjorden - Geitost

Ein fin tur er ferja over frå til sørsida av Fjorden og Der vi begynner med Villakssenteret i Lærda,l vidare igjennom verdas lengste biltunnel til Aurland og Flåm, Her tar vi Flåmsbana tur/retur. Vi inntar ein lunsj i flåm og kan få ei omvisning på Ægir sitt heimebryggeri. Så går vi ombor i ferja som tar oss på ein cruise ut Aurlandsfjorden og inn den fantastiske Nærøyfjorden, bussen står då og ventar nå vi kjem i land og kjører oss over stalheimskleiva over Vikafjellet tilbake til Leikanger. Denne turen kan sommarstid også gå tilbake over Aurlandsfjella(Snøvegen) til Lærdal, ein får då med seg den fantastisk flotte utsikta frå stegastein over Aurlandsfjorden. Andre stopp som kan være aktuelle på denne turen om ønskeleg er, Undredalen med geitostsmaking og eit besøk i Undredal Stavkirke som er skandinavias minste med 40 plassar. Vi kan også stoppe i vik og hoppstock kyrkje og på veg heim stoppe ved den gigantiske bronse statua av Fridjof Den Frøkne på Vangsnes.

4. Gardsbesøk - Bedriftsbesøk

1timesfilosofien

Rett opp i bakken har vi Henjatunet som er ein gardsrestaurant, mat er basert på lokal tradisjon og råvarer, serverast i ei gamal stove frå 1765. tek i mot store og små grupper for omvisning. Det er gode parkeringstilhøve for 1-2 bussar. Under omvisninga vil ein få sjå døme på eitt av dei etter kvart få attverande klyngetuna på Vestlandet som framleis har aktiv jordbruksdrift. Bedriftsbesøk kan gjerast til Lerum sin fabrikk, der ein får innblikk i industriell produksjon av Lerum sine produkt. Om du kjem utan guide så kan hotellet stille med eigen eller hente inn dyktige guidar lokalt. Lunsjane vil vi booke inn etter kvert som vi får ei oversikt over kva turar de ønskjer

Om du kjem utan guide så kan hotellet stille med eigen eller hente inn dyktige guidar lokalt. Lunsjane vil vi booke inn etter kvert som vi får ei oversikt over kva turar de ønskjer

 

 

 

 

 

 

 

""

Go to top