Legg festen din til oss!

festen

Hotellet har i ein mannsalder arrangert ulike festar og samankome, både inne på hotellet og på det store uteområdet Nokkaneset.

Om du ynskjer og arrangere fest eller anna samkome, så kan det være lurt og sjekke med oss før du bestemmer deg. Med vår lange erfaring har vi mangt eit vellukka arrangement på samvitet. 

Sommars tid og elles når temperaturen tillet det så rår vi dykk gjerne til å ha arrangement ute. Hotellet disponerar store telt av ulik storleik, alt ifrå 20 til 160 gjester med golv, bord, stoler, lys og varme. Arrangementa går føre seg på nedsida av hotellet mot fjorden. Nytt av sommaren 2010 er at hotellet har toalett ute i nærleiken av telta.

Ta kontakt med oss for ytterligare informasjon så  skreddarsyr vi saman DIN fest på DINE premissar.

Seinhaustes og vinterstid tek vi festen innandørs. I vår store og koselege spisesal kan vi ta imot opptil 150 gjester. Etter ein flott og hyggeleg festmiddag fortset festen i dansesalen. Hotellet hjelper  sjølvsagt til med å hente inn artistar til underhaldning.

Litt mindre formellt?

I vår koselege og intime bar, kan vi dekke opp på dei gamle furuborda, og ein sit ved langbord i lystig lag med passande meny.
Til alle arrangement har vi høgtalarsystem og trådlause mikrofonar prosjektor og lerret tilgjenge, om du har noko ekstra på programmet.
Med ein kreativ stab og vårt store nettverk lagar vi saman eit arrangement som er eit minne verdig.

Les meir om utearrangement/grilling her.
Bryllaup her.
Oversikt over menyforslag finn du her.

 

 

""

Go to top