Sognefjord Hotel er opent med eit «seng utan frukost»-tilbod

Deler av Sognefjord Hotel er no opent ei tid framover, men med eit redusert tilbod. Tilbodet er rom, utan at det vert servert frukost, lunsj eller middag. 
Hotellet har opent ein avdeling med om lag 15 rom. 

Gjestene har tilgang til kjøleskåp i korridoren slik at dei kan kjøpe og ta med mat til frukost og lunsjpakke.
Hotellet har avtale om at de kan kjøpe middag på Fjordkroa som ligg om lag 300 meter frå hotellet.

Det er viktig at bygda har eit overnattingstilbod også i vintermånadane. Overnattingstilbodet vil verte på dette nivået framover til sommarsesongen startar, men vert  heile tida justert ut frå behovet.

Når sommarsesongen set inn legg vi opp til å gå tilbake til normal drift, med overnatting og matservering.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Go to top