Historie

Sognefjordhotel historie

Det tregaste hotellet i landet? Nei, det var ikkje difor me skaffa oss logoen. Men me har ein spennande historie og fortelja.

I 1941 var Agnar Eggum ombord i M/T Langanger, på veg til Trieste i Italia med olje. Franske marinestyrkar kapra tankskipet og tvang båt og besetning til Bône i Algerie for at lasta ikkje skulle hamna i feil hender.
Den kapra besetninga blei sett i til å banka rust og gjera vedlikehaldsarbeid. Lite og dårleg mat vart ei fysisk påkjenning, tanken om flukt melde seg tidleg, førebuingar vart igangsett, proviant vart stukke til sides.
Agnar Eggum og skipskameratane hanskaffa ein livbåt og smurde ein Fransk vaktpost i hamna. Målet deira var å nå britiske Gibraltar ei veke seinare. Natta til 17. juni 1940 la dei sju ut i ein livbåt i selskap med den lokale kystfiskeflåten. Kurset vart i første omgang sett mot Sardinia, for å villeia eventuelle aksjonar for å henta dei attende. Fly og båtar som etterkvart vart sende etter flyktningane, og søkte i retning Gibraltar, fann ingenting. Då livbåten med flyktningane sette kursen vestover i Middelhavet kom båten ut for eit frykteleg uver sør for Mallorca. Tidsplanen slo feil, sjøen fylte båten, vinden stakk til margen og dei gjekk tome for både vatn og mat. Situasjonen var kritisk. etter uveret vart det vindstille, dei måtte ta årane i bruk, som igjen tærte hardt på kreftene. Alt håp syntes ute.

Det var då skilpadda kom symjande, ei stor havskilpadde, som skulle berga livet deira. Dei fekk dyret ombord i båten og kunne eta seg mette på rått havskilpaddekjøt. Eit liv hadde berga sju andre, dei nådde Gibraltar, seinare England og Noreg.

agnar og skilpadda1

Agnar Eggum la bak seg sjømannslivet og slo seg ned i heimbygda. Saman med kona Aslaug frå Njøs bygde han pensjonatet på den idylliske halvøyna Nokkaneset. Pensjonatet vart etterkvart hotell og eit attraktivt turistmål ved Sognefjorden. Sognefjord Hotel er i dag eigd og drive av Agnar sine born. Det er til minne om Agnar og hans strabasiøse flukt skilpadda prydar hotellet sin logo i dag.

Kraniet tok han vare på og er fortsatt i hotellet sitt eige. Når du besøker oss so sjå godt etter, kansje du ser det

 

 

  

 

 

 

              

"Agnar Eggum med kraniet av skilpadda som redda livet til sju mann"

 

 

 

 

 

 

 

 

""

Go to top