fl norsk

Velkommen til fjordeventyret!

Sognefjord Hotel ligg idyllisk til på ei halvøy som strekkjer seg ut i «kongen av fjordane», Sognefjorden. For deg som ynskjer fjell- og fjordferie ligg me perfekt til som utgangspunkt for dagsturar til nokre av dei vakraste naturperlene i landet.


Vår side på Nynorsk

fl engelsk

Welcome to the Fjord Adventure!

Sognefjord Hotel is idyllically placed on a small peninsula stretching into the "King of Fjords", The Sognefjord. For the "mountain and fjord" experience, our hotel is ideally situated for day trips to some of the most beatiful scenery in Norway..

Our site in English

fl tysk

Willkommen zum Fjordabenteuer!

Das Sognefjord Hotel ist idyllisch auf einer Halbinsel gelegen, die sich in den Sognefjord, „den König der Fjorde“ erstreckt. Für denjenigen, der sich Ferien am Fjord und in den Bergen wünscht, ist unsere Lage ein perfekter Ausgangspunkt für Tagesturen zu einigen der schönsten Naturperlen des Landes.

Unsere Webseite auf Deutsch

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kurs og konferanse!

konferanse

Sognefjord hotell kan tilby ulike og fleksible kurs og konferanse løysningar, med møterom frå 2 til 80 personar.

Vi kan  tilby tekniske løysningar/ AV utstyr til dei fleste møte og kursarrangement. Kaffi/ te, vatn og frukt er tilgjengeleg i møtesalen.

Nokkanes salen

Her kan vi ta imot opp til 100 personar, då oppsett som kino sal.
Ved klasseromsoppsett har vi plass til 60 personar.
Konferanse salen kan også delast i to møterom med lydtett skyvevegg, for mindre møter.

Knausen salen

Vår nye møtesal ligg i same rom som spisesalen. Møterommet er avskjerma med lydisolerte veggar. Lyse og trivelege lokale med flott utsikt innover Sognefjorden. Dette rommet kan også nyttast for private selskapsservering.

Salongen/bibliotek

I vår koselege salong/bibliotek i 2 etg. som ligg i nærleiken av spisesalen kan du nyte pausen  i ein roleg og avslappande atmosfære. Flott utsikt over  Hermansverk og Leikanger, og dei majestetiske Balestrandsfjella i vest.

Peisestova

Eit koseleg rom kor der er plass til ca 12 stk.

Sognefjordsalen (Statens Hus,1 min. gange frå hotellet)

Dette er ein topp moderne konferanse sal med plass til 90 personar i klasserom. Alt av AV utstyr er tilgjengeleg.

Klikk her for planoversikt og kapasitet over møtelokala

AV- Løysningar

Sognefjord Hotel kan tilby ulike audiovisuelle løysningar, lagt til rette for ditt behov.
Utstyr vi kan hjelpe deg med:
• Prosjektorar med lerret, for å knytte seg opp til portabel PC, DVD etc.
• Overhead
• Div. Mikrofonar (også mygg)
• Eige PA anlegg i konferansesal, med satellitt høgtalarar
• Mobilt PA anlegg (opp til 6 kanalar) (XLR og jack inngang)
• DVD spelar
• Mogleg med diverse tilkoplingar  (ledningar/overføringar)
Fleksibilitet
Sognefjord Hotel har fleksible løyningar der fleire hotellrom av ulik størrelse kan gjerast om til møterom.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Romma våre

rom sognefjordhotel

Vi har 55 rom, de fleste med utsikt over Sognefjorden. Alle rom er utstyrt med TV, radio og hårfønar

Sognefjord Hotel har dessverre ikkje tilfredstillande løysningar for handicap gjester og rullestol brukarar. Likevel prøver vi å legge til rette så godt som mogleg med Toalett forhøgarar og dusjkrakkar med armlene. Vi har rampar som gjer at rullestolbrukarar kjem seg over tersklar. Breidde på dørene er henhaldsvis: - Til rom 75 cm og til bad 66 cm.

Ver venleg og ta kontakt med oss for spesielle behov.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Aktivitetar

aktiviteter sognefjordhotel

Du kan kombinere eit opphald hjå oss med ulike aktivitetar. Med fjorden, fjella, naturen og gamal kultur som nærast nabo.

Området rundt Sognefjord hotel har eit mangfald av aktivitet og opplevingstilbod. Anten du vil ha dei nære naturopplevingane eller sosiale og kulturelle kjenslene.

 

Fjordrafting

Fjordrafting

Fleire seier det er den absolutt beste måten og oppleve Sognefjorden på. Du kjem her heilt nær natur elementa. I trygge og sertifiserte båtar tek vi deg med på ei eventyrferd i det frodige og dramatiske fjordlandskapet, der fjordarmane skjer seg inn i urørt natur blant høge og bratte fjell. Med dei raske RIB båtane flyttar ein seg raskt avgårde i 50-60 knop. Arnafjorden/Finnabotn, Fjærlandsfjorden og Aurland/Nærøyfjorden når ein fint på meget kort tid Ein går ombord og i land frå hotellet sitt eige kaianlegg. Sikkerheiten som kjem i første rekke, tek den erfarne RIB piloten seg av, med enkle innstruksar og sertifisert nødvendig utstyr, treng du her kun og konsentrere deg om dei store opplevingane. Kan ta opp til 19 passasjerar. NB. Hugs kamera.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FjordcruiceCharter Cruise

Har du litt meir tid til rådigheit kan eit alternativ være ei fjordoppleving med større båt. Vi tek deg med på eit førsteklasses og komfortabelt cruise på fjorden. Her kan ein få lett servering og det er gode sanitær tilhøve. Passar best for gruppe på 12-23 personar.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

 

frukthagen liteHenjatunet

Gardsbesøk og gardsrestaurant. Henjatunet er vel verdt eit besøk. Den ærlege og ekte opplevinga her gjev deg eit innblikk i korleis gardsdrifta er, og har vore i fjordbygdene med lange tradisjonar.
På Henja er der spor etter gardsdrift over 2000 år tilbake. Bli med på ei kulturell reise både i tid og tradisjon. Det er lagt opp til omvisning, smaksprøvar av lokal kortreist mat. I fruktsesongen er det mogeleg og kjøpe eple, pære og plomme.
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Du kan lese meir om henjatunet her: www.henjatunet.no

Ølbrygging

Har du nokon gong lurt på korleis eit verkeleg godt heimabrygg smakar, korleis det blir framstillt? Bli med til det gamle "eldhuset hass Nils i Berlebakken" Her får du ein gjennomgang i korleis hemebrygga øl er blitt laga i generasjonar i sogn. Eldhuset er gamalt og ein kjenner tradisjon og historen ligg i lufta når ein kjem inn. Bli med på ei reise i ekte og tradisjonsrik ølbrygging. Smaksprøvane er heller ikkje og unnvære. Hotellet kan organisere transport til/frå. Men det er ikkje lenger en 15 minutt og gå kvar veg.  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

leirdueskyting

Leirdueskyting.

Kven er den mest treffsikre? Morro og sosialt, garantert ein "snakkis" i etterkant. Her er det duka for knivskarp konkurranse internt. Der ein gjerne kan ha seremoni og premiering under middagen på hotellet om kvelden. Hotellet er behjelpeleg med organisering av transport til/frå bana på kleppa, under 10 minutt frå hotellet.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

 

 

 

Klatring

klatring

Er du av dei som alltid har hatt lyst til og prøve fjellklatring, men ikkje har tatt utfordringa?

Kun ein liten spasertur frå hotellet har sogndal klatreklubb eit eige klatrefelt. Det er ein bratt fjellvegg med alle typar vanskelegheitsgrader, og forskjellig høgder på rutene. Dette er tilbodet for dei som likar fysiske utfordringar med ei blanding adrenalin. Som eit organisert tilbod til grupper m.m. har hotellet samarbeid med kvalifiserte og godkjende instruktørar, som syter for sikker og kontrollert veiledning. Nødvendig utstyr er inkludert i tilbodet. Passar best for små grupper. Og ja, utsikta over sognefjorden er fenomenal.

Velkomen til ei innføring i den vertikale verda.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

 

 

  

Facebook

Go to top