fl norsk

Velkommen til fjordeventyret!

Sognefjord Hotel ligg idyllisk til på ei halvøy som strekkjer seg ut i «kongen av fjordane», Sognefjorden. For deg som ynskjer fjell- og fjordferie ligg me perfekt til som utgangspunkt for dagsturar til nokre av dei vakraste naturperlene i landet.


Vår side på Nynorsk

fl engelsk

Welcome to the Fjord Adventure!

Sognefjord Hotel is idyllically placed on a small peninsula stretching into the "King of Fjords", The Sognefjord. For the "mountain and fjord" experience, our hotel is ideally situated for day trips to some of the most beatiful scenery in Norway..

Our site in English

fl tysk

Willkommen zum Fjordabenteuer!

Das Sognefjord Hotel ist idyllisch auf einer Halbinsel gelegen, die sich in den Sognefjord, „den König der Fjorde“ erstreckt. Für denjenigen, der sich Ferien am Fjord und in den Bergen wünscht, ist unsere Lage ein perfekter Ausgangspunkt für Tagesturen zu einigen der schönsten Naturperlen des Landes.

Unsere Webseite auf Deutsch

Fruktbare dagar

fruktbaredagar

Hermansverk og Leikanger i månadskifte september-oktober.

Kvart år på denne tida går lokale produsentar av frukt saman og presenterar årets avlingar. Her får du kjøpe Epler og Pærer rett i frå handa til dyrkaren. Du finn og andre utstillarar, og her blir det fest og moro. Dansen føregår som alltid på Sognefjord Hotel.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Velkommen til Leikanger

Leikanger

Leikanger ligg i hjartet av Sogn. Leikanger er, ved sida av å vera ei frukt- bærbygd, også sete for Sogn og Fjordane sin fylkesadministrasjon, samt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Leikanger er også vertstad for Staten vegvesen Region vest sitt hovudkontor, samt kontorstad for omfattande Nav- Funksjonar og statlege Difi. Det bur vel 2200 i Leikanger

Leikanger skårer høgt på alle storleikar som kjenneteikner eit mildt klima. Snitt temperature er årsbasis 13,2 grader. Det milde verlaget gjer det mogeleg å dyrka fersken, aprikos og valnøter.
Den gigantiske skrivareiki, nesten tretti meter høg og med omkrins over fem meter, er eit kjent landemerke.
Det same er kvinnafossen kloss i riksveg 55 Leikanger-Hella. Kommunen har landets høgste bautastein frå oldtida, Baldersteinen, som stikk åtte meter over bakken.

Leikanger kyrkje
 er ei steinkyrkje frå middelalderen. I prestegardshagen finst ei uvanleg rik samling av tre og planter, med ti skjeldne sortar. Her finn ein tempeltreet (Ginko biloba), også kalla eit levande fossil, det einaste attlevande fra tertiærtida. Også mammuttreet (Seqwoiadendron giganteum) trivst i Leikanger prestegardshage, som det nordlegaste i sitt slag av denne storleiken.

Stakyrkjene i Sogn

I Sogn finn du ei tett samling av stavkyrkjer. Hotellet vårt ligg plassert midt i smørauget blant alle desse. For meir informasjon og opningstider: www.stavechurch.com

 

 

 

Utflukt sommar

utflukt sommer1

Sommaren er kontrastane si tid i Sogn. Ved fjorden har ein temperaturar som minner om lenger sør. Lyfter du blikket over dei frodige liene kan du sjå at vinteren framleis har grep om dei høgste fjella.

Me som bur i Sogn er heldige som har dette rett utfor stoveglaset. Me deler dette gjerne med deg, om du tek turen til Sognefjord Hotel og Leikanger. Her finst eit utal høve for aktivt friluftsliv, om du vil på ein roleg ture rundt i fruktbygda og langs fjorden, eller du vel og ta med deg dei gode skoa og bli med for å nyta frisk luft og den beste utsikta. I alle fall kan me hjelpa til med planleggjing og tips om kvar du kan ta vegen. Oftast er det berre din eigen fantasi som set grenser.
Frå Sognefjord Hotel rekk du og rundt til dei aller fleste attraksjonane i Sogn. Me nevner Flåmsbana, Villakssenteret i Lærdal, Jostedalen med dei nære brearmane,fem stavkyrkjer, og fem steinkyrkjer, alle frå middelalderen, Bremuseet, Breheimssentera og De heibergske samlinger.
Alt dette ligg til rette med omlag ein times køyring frå hotellet. Me er plasserte midt i hjartet av alt dette.
Kva med eit besøk på Henjatunet? Ein gardsrestaurant tufta på tradisjon og lokal arv. Her kan ein få servering av lokale produkt i ei stove frå 1765, Omvisning i frukthage, vandring på gravhaugar og drøs gjennom klyngetun.

 

 

 

 

 

 

 

Kjeringi Open!

kjeringi open

Kjeringi Open - Vaorens vakraste og vidlaste eventyr 2015!

Kjering Open er verdas største fjelltelemark renn. Og vert arrangert ei helg i midten av april kvart år. I tillegg til sjølve telemarkdelen er der og ein løps del, sykkel del og langrennsdel. Har du lyst til å delta på Vårens villaste eventyr og ei feststemt bygd med mykje moro og leik på Hermasverk/ Leikanger? følg linken her, eller ta kontakt med hotellet så vidareformidlar vi. Du vil garantert kome tilbake

Kven passar løpet for ?

Løpet er ope for alle som fyller 10 år i løpet av året. Vår erfaring som arrangør er at ein ikkje bør debutere som superkjering før ein fyller 14 år. Turen fram til start på Kjeringafjell er også så pass krevjande at det berre er dei færraste under 12 år som er i stand til å gjennomføre første etappe.

kjeringi open m prisar

Last ned program til Bankett og fest 2015 her!

Korleis er løpsdagen ?

For telemarkløparen startar dagen med ein 3 timars tur til Kjeringafjellet (1314 m.o.h.) før start. Sjølv om det er fellesstart vert det raskt stor strekk i feltet. Ned bratthenget ligg ein som regel i fin rekke. På veg frå fjell til målområdet ved Sognefjorden får ein med seg både vinter og vår til avsluttande sykling gjennom frukthagar og bustadområde til målområdet.

Etappetider

For såvel stafettkjeringar som superkjeringar er noko av det beste med Kjeringi Open at vi registrerer og kunngjer resultat på alle etappar i alle aldersklassar.

LINK TIL Kjeringi Open - Vaorens vidlaste eventyr

Facebook

Go to top